Kor varmt ditt moderhjarte slær
mot alle som fer vildt
Den penning som ditt bilde ber
må aldri verte spilt
Du leitar trutt på såre kne
blant bos og høvelspon.
og aldri unner du deg fred
så lenge det er von.
Når du din dyre penning finn
om han har tapt sin glans
då bed du dine grannar inn
til fest med song og dans.
Med vare hender gjer du rein
den mynt du hadde mist.
Og som han i din tanke skein
han skuna skal til sist.
Ivar Lotsberg